Kortbølgje

(Omdirigert frå Høgfrekvens)

Kortbølgje er eit radiofrekvensområde som strekkjer seg frå 3 til 30 MHz, tilsvarande bølgjelengder mellom 10 m og 100 m[1]. Kortbølgjesignal kan, avhengig av dei atmosfæriske tilhøva, verta reflekterte i ionosfæren. På grunn av dette vert kortbølgja gjerne nytta til global kringkasting og kommunikasjon.

Kortbølgeradiosendarantenner mellom Ettringen og Lamerdingen i Tyskland.

Radiobølgjer med lang bølgjelengd fylgjer terrenget og jordkrumminga betre enn signal med stuttare bølgjelengder. Refleksjonane i ionosfæren vert påverka av sola, slik at refleksjonen varierer over døgeret, og dei varierer med partikkelstrålinga frå sola. Rekkevidda av kortbølgjesignala er difor vanskelig å føreseia, og dei ymse frekvensbanda i kortbølgja har ulik rekkevidd.

Referansar endre

  1. Stokke, Knut N. (1994). Fra sender til mottaker: innføring i radiotransmisjon. Vett & Viten. s. 3,37. ISBN 8241201796.