Høgskolen i Sør-Trøndelag

Høgskolen i Sør-Trøndelag (HiST) vart oppretta i 1994 gjennom samanslåing av fleire tidlegare høgskolar i Trondheim. Frå 1. januar 2016 vart HIST ein del av NTNU:

Skolen er framleis lokalisert rundt i byen, med fleire studiestader som i stor grad speglar dei tidlegare høgskolane.

  • HiST sin sentraladministrasjon, Avdeling for teknologi (AFT) og Avdeling for informatikk og e-læring (AITeL) ligg på Leütenhaven i sentrum.
  • Trondheim Økonomiske Høgskole (TØH) (heitte «Avdeling for økonomisk administrativ utdanning» frå opprettinga av HiST til 2004) (AØA) ligg på Moholt.
  • Avdeling for lærerutdanning og tegnspråk (ALT) ligg på Rotvoll.
  • Avdeling for helse- og sosialfag (AHS) held til i Radmannbygget på Leangen.
  • Avdeling for sykepleie (ASP) held til i Øya Helsehus på Øya, nær relevante fagmiljø på St. Olav.

HiST har dei siste åra (fram til 2011) hatt framgang i talet på studenter.

Det er planar om å fusjonere HiST med NTNU, Høgskolen i Ålesund og Høgskolen i Gjøvik. Det endelege vedtaket fattast av Kunnskapsdepartementet. Dette skjer truleg sommaren 2015.[1]

Kjelder

endre
  1. NTNU vil fusjonere med HiST og to andre høgskoler