Trondheim Økonomiske Høgskole

Trondheim Økonomiske Høgskole (ofte forkorta «TØH») er Høgskolen i Sør-Trøndelag si avdeling for økonomi og administrasjon. TØH held til på Moholt i Trondheim og har over 1200 studentar. Det engelske namnet på TØH er «Trondheim Business School» (TBS).

Historie endre

TØH vart etablert i 1967 og er med det den eldste norske regionale høgskolen med tilbod innan økonomi og administrasjon. I 1994 vart TØH ein del av Høgskolen i Sør-Trøndelag (HiST).

HiST-AØA eller TØH? endre

Etter at TØH vart ein del av HiST, skifta namnet til HiST avdeling for Økonomi og administrasjon (HiST-AØA). Namneendringa fall mange av studentane og dei tilsette på TØH tungt for hjartet. Det store fleirtalet av dei heldt fram med å bruke TØH-namnet, sjølv om det no offisielt ikkje eksisterte lenger. Studentutvala heldt på dei gamle namna, som for eksempel «TØHNNA» (bodegaen), «TØHSA» (studentavisa), «TØH-IL» (idrettslaget) og «TØH-Invest» (aksjesparelaget). Nye studentar vart òg raskt innprenta med TØH-namnet, allereie i løpet av dagar etter at dei hadde starta på utdanninga.

Den felles høgskoleleiinga argumenterte for at HiST burde samle seg under ein felles ytre profil, og at namnet derfor burde vera HiST-AØA. Blant argumenta som vart bruka for TØH-namnet, var at økonomiutdanninga på høgskolen var spesiell, i og med at ho konkurrerte med spesialiserte statlege skolar som Noregs Handelshøgskole og private skolar som BI om studentane. Dessutan var TØH-namnet frå før godt kjent i Trøndelag.

Hausten 2003 gav høgskolestyret opp kampen mot TØH-namnet, og avdelinga skifta namn til «HiST avdeling Trondheim Økonomiske Høgskole» i samband med ei større endring i avdelingsstrukturen til HiST. Ein av føresetnadene for at avdelinga skulle få tilbake TØH-namnet, var at HiST-logoen vart bruka saman med TØH-logoen i profileringsarbeidet.

Studietilbod endre

TØH var først ute i Noreg med å leggje om økonomiutdanninga til bachelor- og mastergrad (slik det er etter Kvalitetsreforma), sidan skolen var med på eit prøveprosjekt. Det første studentkullet på bachelorutdanninga i økonomi og administrasjon starta hausten 1999. Bachelorutdanninga har fleire spesialiseringsretningar. Sidan hausten 2002 har TØH tilbode 2-årige masterpåbygningar. Masterpåbygninga i bedriftsøkonomisk analyse har vist seg som den mest populære, og har ofte vore vanskelegare å koma inn på enn masterpåbygninga på Noregs Handelshøgskole.

Skolen har mange samarbeidspartnarar i inn- og utland, og det går føre seg utveksling begge vegar. Faga for innkomande studentar til TØH går føre seg på engelsk. Det er òg samarbeid med Handelshøjskolen i København og Høgskolen i Nord-Trøndelag om masterprogram i offentleg administrasjon, og med NTNU om master i finansiell økonomi.

Bakgrunnsstoff endre