Høre stolpekyrkje

Høre stolpekyrkje var ei stolpekyrkje som har lege i noverande Vang kommune i Oppland i mellomalderen, der Høre stavkyrkje ligg no, og er å sjå på som ein forgjengar til stavkyrkja.[1] Spora i jorda etter stolpane som har halde kyrkja oppe, synte at ho har vore mykje mindre enn den noverande stavkyrkja, og låg for det meste der koret i stavkyrkja ligg no. Skipet har vore om lag 3,6 meter langt og 3,6 meter breitt, og koret i aust om lag 1,9 meter langt og 2,1 meter breitt. Stolpane har hatt eit tverrmål på 30-40 centimeter, og har stått i om lag ein meter djupe hol i grunnen, med tverrmål opp til 1,5 meter, og med ein flat stein i botnen. Stolpane har vore svidde i endane for å hindre dei i å rotne snøgt, og stein på høgkant (steinskoning) har halde dei fast i hola. I nærleiken av spora etter stolpekyrkja vart det avdekka spor etter nokre andre stolpar som såg ut til å vere frå same tida som kyrkja.

Kjelder endre

  1. Sigrid Christie; Ola Storsletten; Anne Marta Hoff. «Høre kirke». Norges Kirker. 
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.