Stolpekyrkje er ein type stavkyrkjer der den nedre enden av stavane eller stolpane som held taket oppe, er sette ned i grunnen. På denne måten skil stolpekyrkjene seg frå dei stavkyrkjene som står i Noreg i dag, der stavane eller stolpane alltid er sette på ei ramme av tre som er fundamentert på stein oppå grunnen.

Arkeologiske funn av spor og leivningar i jorda etter stolpekyrkjer og andre bygningar frå gamal tid syner at stolpekyrkjene høyrer til ein eldgamal måte å byggje hus til ulike føremål på. Men ved at stavane i stolpekyrkjene er sette ned i jorda, er dei utsette for råte. Difor reknar ein med at stavkyrkjene med treramme under stolpane er ei yngre betring som var meint å løyse eit gamalt problem.

Sidan det korkje i Noreg eller elles i Nord-Europa finst ståande stolpekyrkjer eller andre stolpebygningar frå gamal tid, er all kunnskap om desse bygningane berre basert på tolkingar av spora og leivningane i jorda etter nedgravne endar av stolpar og eventuelt andre bygningsdetaljar. Spor etter stolpebygningar av ulike slag har kome for dagen i stor mon mange stader i Nord-Europa etter at nye metodar og teknikkar har vorte tekne i bruk i arkeologien. Det er mykje vanskelegare å finne spor etter rivne eller nedbrende kyrkjer som er fundamentert slik som dei norske stavkyrkjene, for i motsetnad til bygningar med stolpane nedsette i grunnen, vert det vanlegvis ikkje att varige spor etter dei i grunnen etter at dei er fjerna eller øydelagde.

Ettersom det berre er i Noreg det finst ståande stavkyrkjer i vår tid, er det stort sett berre her i landet det gjev meining å skilje mellom stolpekyrkjer med stolpane nedsette i jorda og stavkyrkjer med stolpene sette på ei ramme av tre oppå jordoverflata. Sidan hovudprinsippet har vore det same for båe typane, vert i andre land funn av spora etter stolpekyrkjer difor ofte omtala som funn av stavkyrkjer. Utover 1100-talet og innpå 1200-talet vart stolpekyrkjene erstatta av meir varige byggverk. Ofte vart den nye kyrkja plassert på akkurat der stolpekyrkja stod.[1]

I Noreg er det ved arkeologiske granskingar av grunnen under mellomalderkyrkjer og i andre samanhengar funne spor etter om lag 25 stolpekyrkjer. Det har òg vore diskutert om den noverande Røldal stavkyrkje opphavleg kan ha hatt jordgravne hjørnestolpar, og soleis eigenleg vart bygd som stolpekyrkje i si tid.

Sjå òg endre

  • Stolpehol - om funn av spor og restar etter stolpar.

Kjelder endre

  1. Magnell, Steinar (2009): De første kirkene i Norge. Kirkebyggingen og kirkebyggere før 1100-tallet. Masteroppgåve i arkeologi Institutt for arkeologi, konservering og historie. Universitetet i Oslo.