62°4′26.728″N 6°13′12.076″E / 62.07409111°N 6.22002111°E / 62.07409111; 6.22002111 Høydal[1] er ei bygd i Volda kommune som ligg på sørsida av Austefjorden. Fylkesveg 651 går gjennom bygda, som er ei blanding av fritidshus og busetnad for vanlege fastbuande.

Historie endre

På 1900-talet var det noko småindustri i bygda, til dømes et par-tre trevarefabrikkar, eit par båtbyggeri[2] og ein betongfabrikk. Grunnen til den relativt store industriverksemnda, var etableringa av Høydal elektrisitetsverk i 1917 som eit lutlag med 17 eigarar. Dette kraftverket vart avvikla på 80-talet, men på slutten av 90-talet vart to nye kraftverk etablerte. Høydalen var veglaus fram til 1966 då bygda vart knytt saman med Håvik og vidare til Fyrde. I 1973 vart det veg til Bjørneset og Straumshamn vestover.[3] På grunn av desse vegsambanda, var det venta vekst i Høydalen, men resultatet vart motsett.[4] I 2017 var det berre ein møbelfabrikk att i Høydal, som heiter Høydal Møbelfabrikk AS. Det var 60 personar med røysterett i bygda ved kommunevalet i 2007.

Referansar endre

  1. https://lokalhistoriewiki.no/wiki/H%C3%B8ydalen_(Volda)
  2. https://lokalhistoriewiki.no/wiki/L/L_Vik_Båtbyggeri
  3. Busetnadssoga for Volda. Bind 3, side 36
  4. Busetnadssoga for Volda. Bind 3, side 37

Kjelder endre