Austefjorden i Volda

fjord i Volda
For andre tydingar, sjå Austefjorden.

Austefjorden er ein 10 kilometer lang botnfjord i Volda kommuneSunnmøre. Han er eit framhald av Voldsfjorden. Fjorden strekkjer seg frå Furneset i vest inn til Fyrde ved fjordbotnen i søraust. Den største djupna er 318 m.

Ved fjorden ligg bygdene Hjartåbygda, Fyrde og Høydal. I bygdene er det primært landbruk, men det vert også satsa på turisme og industri. I det siste har eit eige bygdemobiliseringsprosjekt vorte sett i gang for å auke aktiviteten på bygdene, samt hindre fråflytting og vidare nedlegging av gardsbruk.

På Fyrde har Austefjorden i dag eigen butikk, barnehage, barneskole og ungdomsskule. Skulen er no også for elevar frå Storfjord-området (Bjørke) i Ørsta kommune. Austefjord kyrkje ligg også på Fyrde.

Riksveg 651 går langs begge sider av fjorden. Den nye Europaveg 39 (Kvivsvegen - ferdig 2012) går frå Volda langs Rv 651 til Fyrde, og deretter til Kalvatn, og i tunnel under Kviven og vidare til Grodås i Hornindal kommune. Sjå òg artikkelen om paddene i Austefjorden, eit prosjekt for å bevare paddebestanden ved Litlevatnet.

Kjelder

endre