Høyr kor englar syng frå sky

«Høyr kor englar syng i kor» er ei omsetjing av den engelske julesongen «Hark! The Herald Angels Sing», opphavleg skriven av Charles Wesley og trykt i Hymns and Sacred Poems i 1739. Salmen vart omsett til nynorsk av Kjetil Frøysa i 1978. Salmen er teken med i Norsk Salmebok på nr 50. Ei eldre omsetjing til bokmål heiter «Hør den englesang så skjønn».

«Hark! The Herald Angels Sing» framført av U.S. Army Band.

Førstelina lydde opphavleg «Hark! how all the welkin rings / Glory to the King of Kings». Dagens versjon er resultatet av fleire endringar, hovudsakleg ved George Whitefield, som Wesley samarbeidde med.

Den mest kjende melodien byggjer på ein korsats komponert av Felix Mendelssohn i 1840, ein del av kantaten Festgesang zur Säcularfeier der Buchdruckerkunst, som vart komponert til feiringa av Johann Gutenberg og oppfinninga av boktrykkarkunsten. Tonen er omarbeidd av den engelske songaren William H. Cummings i 1856.

Det finst også eit arrangement av «See, the Conqu'ring hero comes» frå Judas Maccabaeus av Händel. Dette blir tradisjonelt blitt framført ved Nine Lessons and Carols i St Patrick's Cathedral i Dublin, som blir overført på RTÉ Radio 1 julaftan. Organisten W.H. Jude komponerte under viktoriatida også ein melodi til songen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

 

Teksten til Hark! the herald angels sing ved Wikisource.