Human Rights Service

(Omdirigert frå HRS)

Human Rights Service (HRS) er ei norsk stifting som vart oppretta i 2001 for å arbeide for eit velfungerande, multietnisk samfunn. Organisasjonen ønskjer å bidra til betre integrering og førebygging av brot på sentrale menneskerettar gjennom spreiing av informasjon. HRS er særleg kjent for arbeidet sitt mot tvangsekteskap og kvinneundertrykking av religiøs eller kulturell art. Organisasjonen har også stilt seg kritisk til det verdimessige og økonomiske utbyttet ved høg innvandring.

Human Rights Service

TypeStiftelse
Org.nummer985 066 302
Skipa9. september 2002
GrunnleggjarRita Karlsen
HovudkontorOslo
TilsetteRita Karlsen, Hege Storhaug
Nettstadrights.no

Informasjonsleiar Hege Storhaug har vore ein markant frontfigur for organisasjonen sidan starten. Gjennom fleire bøker har ho retta eit kritisk søkelys mot negative sider ved islam, mellom anna i boka Islam, den 11. landeplage som vart gjeve ut i 2015.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre