Hege Storhaug (fødd 21. mai 1962) er ein norsk journalist, forfattar og aktivist frå Arendal. Ho arbeider som informasjonsleiar i organisasjonen Human Rights Service (HRS) og har vore aktiv i samfunnsdebatten i spørsmål om innvandring og integrering, menneskerettar og islamisme med særleg vekt på kvinner sin situasjon - mellom anna i høve til vald, tvangsekteskap, omskjæring av kvinner og æresdrap. Ho er ein særs kritisk og ihuga motstandar av islam og innvandringa av muslimar til Noreg og Europa elles, og meiner at innvandringa truger grunnleggjande europeiske verdiar og menneskerettar. Hennar syn har møtt stor motstand frå fleire hald, og vorte karakterisert som udokumentert og basert på vankunne og nedvurdering av store folkegrupper på eit kollektivt grunnlag.

Hege Storhaug

Statsborgarskap Noreg
Fødd 21. mai 1962 (61 år)
Arendal
Yrke Journalist, forfattar, aktivist
Organisasjon Human Rights Service
Språk norsk
Hege Storhaug på Commons

Liv og virke endre

Som ungdom var Storhaug ein habil volleyballspelar, og var på landslaget. Storhaug fekk i denne perioden spiseforstyrring, og gjekk ut i media med sine erfaringar. Storhaug sine erfaringar førte til stor offentleg debatt om dette problemet.[1] Storhaug var etter dette med på å stifte Interessegruppa for kvinner med spiseforstyrrelser og ein krisetelefon.

I samband med kampen for partnarskapslova tidleg på 1990-talet liksomgifta Storhaug seg med sin dåverande partnar utanfor Stortinget.[1]

Hege Storhaug budde to år i Pakistan tidleg på 1990-talet.

I 2001 var Storhaug sentral då dokumentarserien Rikets Tilstand i TV2 synte at imamar ved afrikanske moskear i Oslo og medlem av verdikommisjonen Kebba Secka støtta omskjæring av unge jenter.[2] Denne dokumentarfilmen vann fleire prisar, mellom anna Gullruten 2001 for beste dokumentar.

Storhaug er sterkt kritisk til islamisme, og samanliknar denne ideologien med nazisme, fascisme og kommunisme.[3]

Storhaug har kritisert innvandringspolitikken til Sosialistisk Venstreparti og Arbeiderpartiet, og støtter Framstegspartiet sin innvandringspolitikk. Hausten 2006 omtalte ho Fremskrittspartiet sin formann Siv Jensen som «landets ledende feminist».[4]

Kritikk endre

Storhaug har dei siste åra fått tildels mykje kritikk for sine utspel i media. Kritikken har særleg kome i samband med hennar kritikk av islam og innvandring frå islamske land. Ho har i samband med dette mellom anna fått kritikk for at ho manglar kunnskap om islam og innvandrarar frå den del av verda.[5]

Storhaug er og blitt skulda for å ta ein høgrepopulistisk ståstad.[6]

Bibliografi endre

  • Mashallah. En reise blant kvinner i Pakistan (1996)
  • Hellig tvang. Unge norske muslimer om kjærlighet og ekteskap (1998)
  • Feminin integrering. Utfordringer i et fleretnisk samfunn (2003)
  • Men størst av alt er friheten. Om innvandringens konsekvenser (2006)
  • Islam, den 11. landeplage (2015)

Prisar og utmerkingar endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

«Hege_Storhaug» i Store norske leksikon, snl.no.