Haagen Ludvig Bergh (24. februar 180910. mars 1863) var ein norsk prest og stortingsmann frå Kristiania.

Haagen Bergh
Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. februar 1809
Død

10. mars 1863 (54 år)

Yrke prest, politikar
Språk norsk
Religion Den evangelisk-lutherske kyrkja

Bergh var son av ein kjøpmann i Kristiania. Sjølv vart han student i 1827 og cand. theol. i 1832. Han var personalkapellan i Øyestad fram til 1835, då han vart residerande kapellan i Hoff i Solør. Sokneprest i Åsnes 1848-57 og deretter i Skjeberg til han døydde.

Bergh var representert på alle Storting frå 1845 til 1863. Fram til og med 1858 representerte han Hedmark, sidan Smaalenene. På alle tingsamlingane sat han i Lagtinget, var president for dette 1851-63. Elles var han i 1845 og 1848 sekretær i gasje- og pensjonskomiteen, formann i same i 1851, 1854, 1857, 1859-60 og 1862-63. Medlem av valkomiteen 1854, 1857, 1858, 1859-60 og 1862-63. I 1860 var han medlem av komiteen om statthaldarsaka.

Bergh døydde i Kristiania i 1863, straks etter eit møte i Lagtinget.

Kjelder endre