Kapell er ei nemning for små bygningar til kyrkjeleg bruk. Ordet vert òg brukt om små orkester, sjå musikkapell, og om overbygglastebilar.

Snødekt kapell nær Thieusies i Belgia.

St. Martins kappe endre

Ordet kjem frå latin cappella, som tyder «lita kappe». Om kyrkjebygg vart ordet opphavleg nytta om vigsla rom for oppbevaring av ein flik av kappa til den heilage Martin; denne kappa var heldt for ein relikvie.

I mellomalderen vart ordet bruka om messehakel, liturgiske bøker og om persongruppa som stod for seremoniane i kongelege palass. Sidan er ordet bruka både om særskilte rom i store kyrkjer og om frittståande bygningar, gjerne bruka til særskilte kyrkjelege handlingar.

Norske kapell endre

 
Holmenkollen kapell vart opphavleg bygd som eit sportskapell.
Foto: J. P. Fagerback, 2005

I Noreg vart ordet kapell tidlegare nytta om kyrkjehus som fungerte som kyrkje for ein del av eit sokn, anten det var gudsteneste i kapellet nokre få gongar i året eller dei fleste helgedagane i året. Den delen av kyrkjesoknet som høyrde til kapellet, vart kalla eit kapelldistrikt, og kunne velje sitt eige sokneråd. Kyrkjelova av 1996 opnar ikkje for slike kapellsokneråd, og både soknekyrkjer og kapell vert rekna som kyrkjer. No vert ordet kapell helst brukt om gravkapell og sportskapell.

Nidarosdomen har tre kapell som kan brukast til særskilte kyrkjelege handlingar: Mariakapellet, Olavskapellet og Mikaelskapellet.

Kjelder endre

  • Kunnskapsforlaget store norske leksikon
  • Cappelens musikkleksikon (1979)

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kapell
  Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.