Haagen Bergh
Haagen Ludvig Bergh (24. februar 1809–10. mars 1863) var ein norsk prest og stortingsmann frå Kristiania.
Haagen Bergh | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. februar 1809 |
Død | |
Yrke | prest, politikar |
Språk | norsk |
Religion | Den evangelisk-lutherske kyrkja |
Bergh var son av ein kjøpmann i Kristiania. Sjølv vart han student i 1827 og cand. theol. i 1832. Han var personalkapellan i Øyestad fram til 1835, då han vart residerande kapellan i Hoff i Solør. Sokneprest i Åsnes 1848-57 og deretter i Skjeberg til han døydde.
Bergh var representert på alle Storting frå 1845 til 1863. Fram til og med 1858 representerte han Hedmark, sidan Smaalenene. På alle tingsamlingane sat han i Lagtinget, var president for dette 1851-63. Elles var han i 1845 og 1848 sekretær i gasje- og pensjonskomiteen, formann i same i 1851, 1854, 1857, 1859-60 og 1862-63. Medlem av valkomiteen 1854, 1857, 1858, 1859-60 og 1862-63. I 1860 var han medlem av komiteen om statthaldarsaka.
Bergh døydde i Kristiania i 1863, straks etter eit møte i Lagtinget.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Haagen Bergh NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv