Haakon Bugge Mahrt
Haakon Bugge Mahrt (20. februar 1901–25. juni 1990), opphavleg Haakon Olsen, var ein norsk forfattar og pressemann frå Vardø.
Haakon Bugge Mahrt | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. februar 1901 |
Død | |
Yrke | skribent |
Haakon Olsen var son til ein kjøpmann i Vardø. Han tok utdanning i Paris i siste halvdelen av 1920-åra, med eksamen frå Sorbonne-universitetet i 1928. Mahrt debuterte i 1931 med essaysamlinga Modernisme. I dei neste åra gav han ut fleire romanar og novellesamlingar, til dømes novellesamlinga Kjære Europa i 1932 og romanen Orkanen i 1936. Boka om Dikteren og eventyreren Arthur Rimbaud kom ut i 1945, og den psykologiske krigsromanen Bitter té i 1946.
Frå 1946 til 1971 arbeidde Mahrt med pressesaker ved den norske ambassaden i Paris. I denn perioden skreiv han ei barnebok, og ein roman med handling lagd til 1700-talet; Rømlingen fra Vardøhus, utgjeven i 1961.
Mahrt er gravlagd i Oslo.
Kjelder
endre- Norsk Allkunnebok. VIII. bandet. 1957
- Store norske leksikon