Vardø

by i Finnmark

Vardø (av varde og øy, eldre norrønt Vargøy ‘ulveøya’), nordsamisk Várggát, kvensk Vuorea, er ein by i Vardø kommune, aust i Finnmark fylke, mindre enn éin breiddegrad frå det nordlegaste punktet i Finnmark, Knivskjellodden.

Vardø
By
Vardø
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Vardø om vinteren
Areal 1,19 km²
Folketal 1 727  (2023)
Folketettleik 1 451 / km²
Postnummer 9950 VARDØ
Innbyggjarnamn vardøværing
Kart
Vardø
70°22′14″ N 31°6′34″ E
Wikimedia Commons: Vardø (town)

Byen ligg på den 3,7 km² store Vardøya utanfor austkysten av Varangerhalvøya. Innbyggjartalet er om lag 1900, som utgjer om lag 89 % av innbyggjartalet i kommunen. Vardø er den austlegaste tettstaden i Noreg. Saman med Hammerfest er han den eldste byen i Nord-Noreg. Begge fekk bystatus i 1789. Vardø er òg kjend som Pomorhovudstaden sidan byen på 1800-talet var eit sentrum for norsk handel med Russland.

Historie endre

Busetjinga i Vardø går heilt tilbake til då kong Håkon V Magnusson (1299-1319) bygde ei borg, seinare Vardøhus festning, som skulle forsvara Noreg sine interesser i området. På fjellet Domen vest for det 1,7 km breie Bussesundet som skil Vardøya frå fastlandet, var det på 1600-talet ei rekkje hekseprosessar der totalt 88 menneske blei dømde til døden og avretta. Venuspassasjen i 1769 blei observert frå Valen, eidet som bind vestre og austre del av Vardøya saman. Dette var viktig for berekninga av avstanden mellom jorda og sola.

Namn endre

På 1300-talet blei Vardø skrive Vargøy, av norrønt vargr 'ulv, fredlaus mann'.[1] Seinare i mellomalderen blei skrivemåten til stadnamnet endra til *Vǫrð(u)øy, dernest Vardøy frå varði ‘varde’. På 1500-talet heitte byen 'Vardeøen/Vaarødenn' då danskane sette sitt preg på stadnamnet.[2] Det moderne namnet Vardø er ei fordanska form av norske Vardøy. Den tradisjonelle norske uttala er Vårøya.

Samferdsel og kommunikasjon endre

Vardøya er knytt til Europaveg 75 gjennom den 2892 meter lange Vardøtunnelen under Bussesundet. Tunnelen, som blei teken i bruk 22. desember 1983 og offisielt opna av kong Olav V den 16. august 1984, var den første undersjøiske tunnelen i Noreg.

Bilete frå byen endre

Kjelder endre

  1. Thorsnæs, Geir; Askheim, Svein (18. mars 2022). «Vardø». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. «Norsk Stadnamnleksikon», www.norskstadnamnleksikon.no, henta 24. mai 2022