Hafslovatnet
Hafslovatnet er ein innsjø som ligg ved Hafslo i Luster kommune. Hafslovatnet er regulert som magasin for Årøy kraftverk.
Hafslovatnet | |||
innsjø | |||
Hafslovatnet med Lustrafjorden i bakgrunnen
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Luster | ||
Høgd over havet | 169 moh. | ||
Areal | 6,56 km² | ||
Kystlengd1 | 23,98 km | ||
Koordinatar | 61°18′01″N 07°10′15″E / 61.30028°N 7.17083°E | ||
Hafslovatnet 61°18′01″N 7°10′15″E / 61.30028°N 7.17083°E | |||
Wikimedia Commons: Hafslovatnet | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Den vestlegaste delen av innsjøen er verna i Hafslovatnet fuglefredingsområde.
Hafslovatnet er eit godt fiskevatn, der ein kan driva sportsfiske etter aure med oter, dorg og stang ved å løysa fiskekort (personar under 18 år treng ikkje fiskekort). Fiskesesongen er frå 1.januar til 30. september. Bruk av båt med motor på inntil 8 hk er lov, med unntak av området Straumavatnet, mellom Straumbrua og Sogebrua. Den siste laurdagen i august vert det kvart år arrangert Hafslo fiskefestival av 10.-klassen ved Hafslo barne- og ungdomsskule, med fiskekonkurranse i sju ulike klassar.
Is på vatnet
endreÅr | Første dag med permanent is på heile vatnet | Siste dag | Dagar med is | Kommentar |
---|---|---|---|---|
2020-2021 | Romjula | 04.04.2021 | 98 (ca) | isen omtrent heilt borte 07.04.2021 |
2019-2020 | 26.02.2019 | 28.03.2020 | 31 | |
2018-2019 | 12.12.2018 | 16.04.2019 | 125 | |
2017-2018 | Romjula | 30.04.2018 | 121 (ca.) | |
2016-2017 | Romjula | 14.04.2017 | 105 (ca.) | |
2015/2016 | Romjula | 30.04.2016 | 121 (ca.) | |
2014/2015 | Romjula | 16.04.2015 | 107 (ca.) | |
2013/2014 | 16.01.2014 | 15.04.2014 | 89 | |
2012/2013 | "i god tid før jul" | 20.05.2013 kl 16.19 | 160 (ca) | |
2011/2012 | 31.12.2012 | 29.03.2012 | 88 | |
2006/2007 | 20.01.2007 kl 07.00 | - | ||
1989-1990 | "isfritt kring årsskiftet" | - | ||
1978/1979 | - | 25.05.1979 (rekord?) | ||
1972-1973 | Isfritt i januar | |||
1930-1931 | Isfritt i januar | |||
1922-1923 | Isfritt nyttårshelga | |||
1860-1861 | Isfritt i januar |