Luster kommune
Luster er ein kommune i Sogn i Vestland fylke. Kommunen er den største i fylket og femner i tillegg til fjordområde òg delar av Jotunheimen, Breheimen og Jostedalsbreen. Den ligg i Lustrafjorden inst i Sognefjorden.
Luster kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Adm.senter | Gaupne | ||
Areal | 2 707 km² | ||
- land | 2 608 km² | ||
- vatn | 99 km² | ||
Folketal | 5 302 (1. januar 2023) | ||
Målform | nynorsk | ||
Ordførar | Ivar Kvalen (Sp) | ||
Kommunenr. | 4644 | ||
![]() Luster | |||
Wikimedia Commons: Luster | |||
Nettstad: www.luster.kommune.no | |||
Luster kommune består i dag av dei tidlegare herreda Luster, Hafslo og Jostedal.
Storen på 2405 moh., det høgste fjellet i Sogn og Fjordane og det tredje høgste fjellet i Nøg, markerer kommunegrensa.
HistorieEndra
Kommunen fekk utstrekkinga han har i dag i 1963, då kommunane Hafslo, Jostedal og Luster vart slegne saman.
- Haugerørsla i Luster
I Sogn fekk Hauge følgje av Hans Feigum og Peder Steen frå Luster. Haugerørsla var ikkje ønskt velkommen av statskyrkja, og det var motsand mot rørsla i kommunen.[treng kjelde]
FolketalsutviklingEndra
Folketalsutvikling for noverande Luster kommune frå 1920:
1.12.1920[1] | 1.12.1930[2] | 3.12.1946[2] | 1.1.1951[3][4][5] | 1.1.1961[3][4][5] | 1.1.1971[3] | 1.1.1981[3] | 1.1.1991[3] | 1.1.2001[3] | 1.1.2010[3] |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
6660 | 6465 | 6806 | 6541 | 6119 | 5140 | 5102 | 5118 | 4954 | 4945 |
Luster prestegjeldEndra
Luster var fram til 2004 òg namn på eit prestegjeld i Indre Sogn prosti. Prestegjeldet hadde sokna Nes, Dale og Fortun. Fram til 1967 høyrde òg Gaupne sokn til prestegjeldet, det vart då overført til Jostedal prestegjeld. Luster kommune var delt inn i tre prestegjeld, Luster, Hafslo og Jostedal. Frå 2004 har den lokale prestetenesta vorte organisert av prosten i Indre Sogn prosti.
TettstaderEndra
FotnotarEndra
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 2,0 2,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Folkemengd i Luster 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ 4,0 4,1 Folkemengd i Hafslo 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ 5,0 5,1 Folkemengd i Jostedal 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå