Hafstadfjellet er eit fjell i Sunnfjord på 706 moh. Fjellet er eit populært mål for turgåarar, både treningsvante og mosjonistar i alle alderstrinn nyttar fjellet aktivt.

Hafstadfjellet
fjell
Hafstadfjellet sett frå Førde rutebilstasjon
Land  Noreg
Område Sunnfjord (Vestland)
Høgd 706 moh.
Kart
Hafstadfjellet
61°26′12″N 5°51′23″E / 61.436666666667°N 5.8563888888889°E / 61.436666666667; 5.8563888888889

Frå austsida kan ein gå opp grusvegen til toppen. Det er laga parkeringsplass for turlystne på Bruland. Ein kan gå, jogge eller sykle opp til toppen og ned igjen. Ein vanleg mosjonist nyttar 60 til 70 minutt opp og 30 til 40 minutt ned att.

Bilete

endre
  Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.