Meter over havet

(Omdirigert frå Moh)

Meter over havet (forkorta moh.) vert brukt for å definere høgda til eit punkt i høve til havnivået, målt i meter. Nemninga meter under havet vert på liknande vis nytta om stader som ligg lågare enn havnivået. I somme land er det vanleg å oppgi måla i fot istaden for meter.

Morfologisk kart over Alpane der høgdenivå i meter over havet er gjevne med fargar.
Kart over øya Amutka i Alaska der høgd i meter over havet er gjeven med kotar. Tellekotar er påført brune tal, og einskilde punkt er gjeve med svarte tal.
Repère Pierre du Niton, avkorta RPN, eit fastmerke på ein steinblokk i hamna i Genéve er referansepunktet for høgdemålingane i Sveits.

kart er høgda over havet gjerne markert med fargar eller kotar. Høgda til innsjøar, fjell, åsar, søkk i terrenget og andre topografisk interessante punkt kan òg bli markerte med tal.

Høgda vert rekna frå middelvasstanden langs kysten på eit fastsett tidspunkt, ein normalnull, som for det nasjonale høgdemålingssystemet i Noreg er året 1954 og knytt til eit fastmerke som finst ved Tregde vasstandsmålar i nærleiken av Mandal. Den høgda dette fastmerket er plassert i, er fastsett i 1954 på grunnlag av ei utjamning av utrekningar av middelvasstanden for vasstandsmålingar gjort frå 18 til 53 år i Oslo, Nevlunghavn, Tregde, Stavanger, Bergen, Kjølsdal og Heimsjø.

Hypsografi er skildringa av høgdeforholda på jorda. Ei hypsografisk kurve er ei grafisk framstilling av korleis arealet på jordoverflata i middel er fordelt på dei ulike høgdenivåa.[1]

Kjelder endre

  1. «Hypsografisk kurve». Store norske leksikon. 14. februar 2009. Henta 21. november 2013.