Hagia Sofia Hurrem Sultan-badet

Hagia Sofia Hurrem Sultan-badet (tyrkisk Ayasofya Hürrem Sultan Hamamı, Hagia Sofia Haseki-badet (Ayasofya Haseki Hamamı) eller Haseki Hurrem Sultan-badet (Haseki Hürrem Sultan Hamamı)) er eit tyrkisk bad (hamam) frå 1500-talet i Istanbul i Tyrkia. Det blei bygd av Hurrem Sultan (også kjend som Roxelana), kona til sultan Suleiman den store. Badet blei teikna av Mimar Sinan på staden der dei historiske Zeuxippus-bade hadde stått for det religiøse samfunnet ved Hagia Sofia.

Hagia Sofia Hurrem Sultan-badet
Bath of Roxelane Istanbul 2007.jpg
ArkitektMimar Sinan
Stilosmansk arkitektur

Hagia Sofia Hurrem Sultan-badet
41° N 29° E

ArkitekturEndra

Det offentlege badehuset blei bygga som ein veldedighetsbygning av arkitekten Mimar Sinan i 1556. Den 75 meter lange strukturen er designa i stil med klassiske osmanske bad, med to symmetriske fråskilde delar for menn og kvinner. Begge seksjonane, som ligger i nord-sør retning, er på same akse. Dette var nytt i tyrkisk badarkitektur. Herredelen er i nord medan kvinnedelen er i sør.[1]

 
Glasmåleri i mannsgarderoben

Ytterveggane er oppførte i lag av éin kutta stein og to mursteinar. Garderoben til mannsavdelinga har fire spissboga glasmåleri over fasaden, medan damegarderoben har tre vindauge.

Inngangen til mannsavdelinga er i nord og den for kvinner i vest. I motsetnad til i arkitekturen til andre tyrkiske bad, er det ein stoa eller ein tildekt gang med ein kuppel i midten av framdelen til mannsavdelinga. Takene på kuppelen og stoaen er dekorert med murstein og dekt av blyplater. Ein raud og ein kvit palmett med ein gyllen epigraf på grøn grunn prydar den spisse bogen til den monumentale inngangsdøra.

Kvar seksjon består av tre grunnleggjande, samanhengande rom: Omkledingsrommet (soyunmalık), det mellomliggande kjølerommet (soğukluk, frigidarium) og det varme rommet (sıcaklık, caldarium). Varmeromma til dei to avdelingane tilstøytar kvarandre, medan garderobane er plasserte i kvar sin ende av aksen. Rekkefølgen av rommene fortset gjennom garderoben, kjølerommet og varmerommet til herreavdelinga, følgd av varmerommet, kjølerommet og garderoben til kvinnedelen.[1]

 
Domen i varmerommet for menn

Herregarderoben er rektangulær og dekka med ein kuppel, som er omgjeven av ein frise av sikksakkforma blad i dekorasjonsteknikken ablaq (vekslande mørk og kvit stein). Det er spissbogenisjer på kvar side av rommet. Det er toalett med tre kuplar over på den eine sida av det kjølige rommet, med eit barberrom på den andre sida. Ein dør fører inn til det krossforma varmerommet, som har fire loggiaer med fontener i hjørnene, og fire private avlukke (halvet) under ein liten kuppel. I midten av varmerommet er eit stort oktagonalart marmorbord kalla ein göbektaşı (bokstaveleg 'navlestein'), som badande kan ligga på. Det var tidlegare dekorert med mosaikk. Den store kuppelen til varmerommet, som sit på dei åttekanta veggane, har små glassvindauge til å skapa eit halvlys frå toppen. Kvinnedelen har same arkitektoniske plan som mannsida, men garderoben er noko mindre.

RestaureringEndra

 
Interiør i Hagia Sofia Hurrem Sultan Hamam på 2000-talet

Bygningen var stend i lang tid, og blei brukt som lagerhus før han blei restaurert i 1957–1958.[1] I mange år var det eit statleg drive salroms for teppe.[2]

I 2007 bestemte styresmaktene i Istanbul seg for å tilbakeføra badet til den opphavlege bruken etter eit opphald på 105 år. Ei turismeutviklingsgruppe vann anbodet for restaureringa. Etter eit restaureringsprosjekt på tre år som byrja i 2008 og kosta 11 millionar US-dollar, opna badet i mai 2011.[1] Det blir drive av Haseki Tourism Group.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Haseki Hamamı» (på tyrkisk). Istanbul Net. Henta 17. januar 2014. 
  2. Brosnahan 1 Yale 2, Tom 1 Pat 2 (1996). Turkey (på English) (5th utg.). Melbourne: Lonely Planet. s. 148–49. ISBN 0864423640. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Hagia Sofia Hurrem Sultan-badet