Haile Gebrselassie
Haile Gebrselassie (fødd 18. april 1973) er ein etiopisk mellomdistanse- og langdistanseløpar. Gebrselassie er ein allsidig løpar som har delteke i både 1500 meter, 3000 meter, 5000 meter, 10 000 meter, halvmaraton og maraton. Gebrselassie har sett 27 verdsrekordar i løpet av karrieren, og held framleis verdsrekordane på 20 000 meter og på éin times løp.
Haile Gebrselassie | |
![]() | |
Fødd | 18. april 1973 (49 år) Assella |
Yrke | maratonløpar, langdistanseløpar, friidrettsutøvar |
Haile Gebrselassie på Commons |
Haile Gebrselassie har dobbelt olympisk gull på 10 000 meter. Desse tok han under sommar-OL 1996 i Atlanta og sommar-OL 2000 i Sydney. I tillegg er han fire gonger verdsmeister på denne distansen og har ei lang rekkje fleire medaljar.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Haile Gebrselassie» frå Wikipedia på engelsk, den 3. september 2012.