Hajo er ein gammal valfartsstad for tre religionar; hinduismen, buddhismen og islam som ligg ved elva Brahmaputra i den indiske delstaten Assam, 24 km frå delstatshovudstaden Guwahati. Her finst ei rekke tempel og andre heilage punkt. Den best kjende staden er hindutempelet Hayagriva Madhava Mandir på Monikut-høgda. For muslimar er moskéen Poa Mecca, som er knytt til Mekka, eit viktig mål.

Hayagriva Madhava-tempelet i Hajo.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre