Haldor Bjerkeseth

norsk politikar

Haldor Bjerkeseth (16. desember 188320. august 1974) var ein norsk gardbrukar frå ØreNordmøre. Han representerte Kristeleg FolkepartiStortinget 1950-53.

Haldor Bjerkeseth
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. desember 1883
Død

20. august 1974 (90 år)

Yrke politikar
Språk norsk
Politisk parti Kristeleg Folkeparti

Bjerkeseth var son til ein gardbukar som òg var smed. Frå 1900 til 1903 gjekk han sjølv i smedlære. Han tok over farsgarden 1911 og dreiv han i lang tid. Samstundes var han emissær for Det norske misjonsselskap til 1949.

Bjerkeseth var medlem i Øre kommunestyre 1913-22, 1931-34 og 1937-40. Hausten 1949 vart han vald til stortingsrepresentant frå Møre og Romsdal og for Kristeleg Folkeparti. Fireårsbolken 1950-53 var han då medlem i Administrasjonskomiteen. Han stilte ikkje til attval for ein ny tingperiode.

Kjelder endre