Møre og Romsdal fylke

fylke i Noreg
(Omdirigert frå Møre og Romsdal)

Møre og Romsdal fylke er eit fylke i Noreg. Det grensar i aust og nordaust til Trøndelag fylke, i søraust til Innlandet fylke, i sør til Vestland fylke og i nordvest ut mot norskehavet.

Møre og Romsdal fylke
fylke
Fylkesvåpen
Land  Noreg
Adm.senter Molde
Areal 15 114 km²
 •  land 14 614 km²
 •  vatn 500 km²
Folketal 272 413  (1. januar 2025)
Folketettleik 19 / km²
Målform Nynorsk
Statsforvaltar Else-May Norderhus
Fylkesordførar Anders Riise (H)
Fylkesnummer 15
Kart
Møre og Romsdal fylke
62°44′15″N 7°09′30″E / 62.7375°N 7.1583333333333°E / 62.7375; 7.1583333333333
Wikimedia Commons: Møre og Romsdal
Nettstad: www.mrfylke.no

Historisk har Møre og Romsdal vore delt inn i tre fogderi: Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Desse tre landskapa vert i dag nytta som ei vanleg inndeling av fylket, og kvar av dei har eit større bysentrum; Ålesund, Molde og Kristiansund.

Fylkesvåpenet til Møre og Romsdal vart fastsett i 1978. Det synar på blå botn tre gullskip sett frå framsida og symboliserer skipsleia som var den viktigaste ferdselsåra i tidlegare tider. Fylkesblomen til Møre og Romsdal er bergfrue og fylkessteinen er gneis.

Klima

endre

Vêrlaget i Møre og Romsdal er påverka av havet i nordvest og av høge fjell som skjermar mot sør og aust. Ved kysten blæs det som regel frå ei retning mellom søraust og sørvest om vinteren. Innom fjordane kjem det ofte frålandsvind som vert dirigert av terrenget. Sommarstid blæs det til vanleg frå nordaust ved kysten, oftast i varme periodar med solgangsvind, medan det i dal- og fjordstrøka ofte blæs nordvestleg vind. Ferdande lågtrykk gir kuling, innimellom storm, oftast frå ei retning mellom sørvest og nordvest.

Langs kysten er februar vanlegvis kaldaste månad med middeltemperatur på kring 2 °C. I fjordane er snittet på litt under 0 °C og i indre strøk ned i kring –5 °C. Ved kysten er august varmaste sommarmånad med ein gjennomsnittstemperatur på kring 14 °C, medan det i dalstrøka er juli med eit snitt på kring 15 °C. Høgaste målte temperaturar i fylket er over 25 °C ved kysten, og over 30 °C i dal- og fjordstrøka. Særmerkt for Møre og Romsdal er fønvind med høge temperaturar når søraustlege luftstraumar slår ned frå fjellet. Under slike tilhøve har det i februar vore registrert temperaturar på opptil 19 °C.

Årleg nedbør i fylket generelt varierer innanfor 1000- 2000 mm. Langs kysten og fylkesgrensa i aust har ein derimot nokre mindre soner med lågare middelnedbør med årlege verdiar på kring 750 og 1000 mm. Mesteparten av nedbøren kjem om hausten, ofte som byer i luftstraumar frå mellom nord og vest. Det vert havtåke ved kysten, oftast i sommarhalvåret, medan det er mindre tåke i indre strøk.

Samferdsle

endre

Landskapet i Møre og Romsdal er ovleg oppskore, der fjordar, sund og fleire øyar har gjort samferdsla vanskeleg. Fylket har likevel eit nokså tett vegnett, særleg i ytre strøk, og har i alt 6322 km med offentlege vegar. Vegane vert bundne saman av eit utstrekt ferjenett. På Sunnmøre er det samband mellom Ålesund og dei folkerike øyane utanfor med me.a. Ålesund lufthamn på Vigra, kalla Vigrasambandet, og Eiksundsambandet som knyter Hareidlandet, Gurskøya og øyane i Herøy til fastlandet. På Nordmøre er Kristiansund knytt til fastlandet gjennom sambandet Krifast.

Frå Ålesund går E 136 om Åndalsnes til Dombås og E 6. Frå Molde er det vegsamband om Sunndalsøra til Oppdal og til E 6 frå Rv. 62 og Rv. 70. Kristiansund har samband om Sunndalsøra til Oppdal frå Rv. 70 og via ferje over Halsafjorden til Trondheim frå Rv. 70. E 39 bind fylket saman frå sørvest til nordaust og knyter til Bergen i sør og Trondheim i nordaust. Åndalsnes er knytt til jernbanenettet gjennom Raumabanen til Dombås. Dei tre største byane har flyplass, Ålesund lufthamn på Vigra, Molde lufthamn på Årø og Kristiansund lufthamn på Kvernberget. På Hovden mellom tettstadene Ørsta og Volda ligg småflyplassen Ørsta/Volda lufthamn. Hurtigruta Bergen–Kirkenes stoppar ved dei tre byane og Torvika i Herøy.

Media frå Møre og Romsdal

endre

Dei tre største dagsavisene i Møre og Romsdal er Sunnmørsposten i Ålesund, Romsdals Budstikke i Molde og Tidens Krav i Kristiansund. I tillegg har fylket 16 lokalaviser som kjem ut ein til tre gonger i veka. På Sunnmøre kjem 12 lokalaviser ut i tettstadene Ørsta, Volda, Sjøholt, Langevåg, Brattvåg, Ulsteinvik, Fosnavåg, Valldal, Stranda, Sykkylven, Vanylven og Valderøya. 2 lokalaviser kjem ut i Romsdal i Åndalsnes og Vestnes, og 2 på Nordmøre i Sunndal og Smøla. NRK Møre og Romsdal har hovudkontor i Ålesund og lokalkontor i Molde og Kristiansund.

Administrasjon

endre
 
Skulekart frå 1950-talet. Foto: Kultudatabase Møre & Romsdal.

Molde er administrerande senter med sete for fylkesmannen og administrasjonen i fylkeskommunen. Møre og Romsdal er samansett av 36 kommunar. Fylket utgjer Møre bispedømme som har 7 prosti og 40 prestegjeld. Det omfattar òg 4 tingrettsdistrikt og 2 politidistrikt med 25 lensmannsdistrikt.

Etter fylkestingsvalet hausten 2023 vart Anders Riise frå Høgre vald til fylkesordførar i Møre og Romsdal.[1]

Statsforvaltar sidan 2021 er Else-May Norderhus.[2]

Ungdommen i Møre og Romsdal har sitt eige politiske organ, Ungdomspanelet i Møre og Romsdal.[3]

Kommunar

endre

Folketala i oversynet under er frå SSB per 1. januar 2025.

Nr. Namn Adm.senter Folkemengd Flatevidd (km²) Målform[4] Distrikt
1505   Kristiansund Kristiansund 000000000024578.000000000024 578 87 nøytral Nordmøre
1506   Molde Molde 000000000033163.000000000033 163 363 Romsdal
1508   Ålesund Ålesund 000000000059198.000000000059 198 98 nynorsk Sunnmøre
1511   Vanylven Fiskåbygd 000000000003048.00000000003 048 385
1514   Sande Larsnes 000000000002435.00000000002 435 93
1515   Herøy Fosnavåg 000000000009031.00000000009 031 120
1516   Ulstein Ulsteinvik 000000000008862.00000000008 862 97
1517   Hareid Hareid 000000000005320.00000000005 320 82
1520   Ørsta Ørsta 000000000011055.000000000011 055 805
1525   Stranda Stranda 000000000004380.00000000004 380 866
1528   Sykkylven Sykkylven 000000000007626.00000000007 626 338
1531   Sula Langevåg 000000000009759.00000000009 759 59
1532   Giske Valderøya 000000000008773.00000000008 773 40
1535   Vestnes Vestnes 000000000007242.00000000007 242 352 Romsdal
1539   Rauma Åndalsnes 000000000007196.00000000007 196 000000000001502.00000000001 502 nøytral
1547   Aukra Aukra 000000000003759.00000000003 759 59 nynorsk
1554   Averøy Bruhagen 000000000005992.00000000005 992 176 nøytral Nordmøre
1557   Gjemnes Batnfjordsøra 000000000002708.00000000002 708 382
1560   Tingvoll Tingvoll 000000000003077.00000000003 077 337
1563   Sunndal Sunndalsøra 000000000007193.00000000007 193 000000000001713.00000000001 713
1566   Surnadal Skei 000000000005950.00000000005 950 000000000001365.00000000001 365 nynorsk
1573   Smøla Hopen 000000000002168.00000000002 168 282 nøytral
1576   Aure Aure sentrum 000000000003394.00000000003 394 644
1577   Volda Volda 000000000011131.000000000011 131 699 nynorsk Sunnmøre
1578   Fjord Sylte 000000000002506.00000000002 506 1144
1579   Hustadvika Elnesvågen 000000000013460.000000000013 460 608 nøytral Romsdal
1580   Haram Brattvåg 000000000009409.00000000009 409 261 nynorsk Sunnmøre
15   Møre og
      Romsdal
Molde 000000000272413.0000000000272 413 000000000015144.000000000015 144 nynorsk Møre og
Romsdal

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre