Haldor Pedersson Helland

Haldor Pedersson Helland (6. august 179929. desember 1862) var ein norsk lærar, kyrkjesongar og gardbrukar frå Kvinnherad.

Haldor Pedersson Helland
Fødd 6. august 1799
Død

29. desember 1862 (63 år)

Yrke politikar

Far til Helland var leiglending på eit bruk på Onarheim i Kvinnherad. Sjølv var han skulehaldar frå 1817, i 1830 vart han også kyrkjesongar i Kvinnherad. Samstundes vart han gardbrukar på Helland i same heradet og dreiv denne garden sidan. I 1837 vart han medlem av det fyrste heradsstyret i Kvinnherad.

Helland representerte Søndre BergenhusStortinget i 1851 og 1854. På begge tingsamlingane var han medlem av bankkomiteen.

Han døydde på garden sin i Kvinnherad i 1862.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914