Herad

administrativ inndeling i Skandinavia

Herad er eit norsk ord mest nytta i nynorsk skriftmål. Bokmålsforma er «herred». Forma herred er òg nytta i samanstillinga «herredskommune».

Ordet «herad» kjem frå norrønt herað; Ei tyding av ordet er «bygd», som i namna «Krødsherad» og «Kvinnherad».[1] Ei anna tyding av ordet er frå mellomalderen, særleg på Austlandet, der det kan tyde tingkrins med særskilt heradsting (vanleg på Island). I islandske lover er ordet mest nytta om tinglaget. Føraren for Heradet var gjerne kalla ein herse.

Ei tredje tyding er frå 1863, der eit herad er eit fast avgrensa geografisk område på landet som blir administrert som ei eining og med lokalt sjølvstyre; ein landkommune.[2][3] Skiljet mellom by- og heradskommune vart oppheva i kommunelova av 25. september 1992.[4]

Nokre norske kommunar nyttar nemninga «herad» i staden for kommune i det offisielle namnet sitt:

I tillegg har nokre kommunar «herad» i namnet:

Herad er òg nytta som namn på eit lokalt område:

Kjelder endre

  1. Thorsnæs, Geir; Berg, Ole T. (3. november 2022). «herred». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. «Untitled Document», ika11.enternett.no, henta 18. november 2022 
  3. «Herredskommisjonen av 1863 - Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS», ikah.no, henta 18. november 2022 
  4. Lovdata. «Lov om kommuner og fylkeskommuner (kommuneloven)» (på norsk bokmål). lovdata.no. Henta 18. november 2022.