Hallvard Ørsal
Hallvard Ørsal (1876-1943) var ein spelemann frå Todalen, kjend både i Gudbrandsdalen og på Vestlandet. Han vart eit viktig førebilete for Hans W. Brimi.
Hallvard Ørsal | |||
Fødd | 1876 | ||
---|---|---|---|
Død | 1943 (67 år) | ||
Verka som | musikar |
Diktaren Leif Halse skreiv eit dikt om Hallvard, som seinare vart tonesett av Henning Sommerro:
- Eg minnest so vel han Hallvard
- og klangen frå fela hans
- Det var liksom stova ljøsna
- Når han spela opp til dans
- Og fela hans Hallvard ljøa
- og song med så vent eit mål
- så mjukt som på seljefløyte
- så kvasst - ja, som klang av stål
- Han fanga inn nye tonar
- frå flaumelv og gjerd og hjell
- han dikta i eigne slåttar
- minne frå dal og fjell
- så la han den kjære fela
- tett inntil sin herd og hals
- og fingrann fann rette grepa
- i sjølvlaga "tovass-vals".
- Han åtte så rike evner
- Han gøymte så dyrt eit funn
- I truskap vørsla han arven
- heilt til si siste stund
- og fela hans Hallvard spellmann
- skal tone frå dal og li
- så lenge vi trufast vørslar
- arven frå gamal tid.