Hallvard Natvik

Hallvard Natvik (Døydde i Volda i 1989) lækjar og motstandsmann.

Hallvard Natvik
Fødd 25. mai 1905
Død

14. juli 1989 (84 år)

Yrke lege

Etter han vart ferdig utdanna lækjar i 1933, var han privarpraktiserande lækjar på Åndalsnes og hadde fleire vikariat som distriktslækjar mellom anna i Balestrand (1936), Leikanger (1. halvår 1938) og Selje (2. halvår 1938). I 1935 hadde han ei stilling på EG asyl i Kristiansand. Han var ved Kirurgisk avdeling ved Haukeland sykehus i Bergen frå 1939 til 1940. Han var distriktslækjar i Gulen 1. juli 1940 til 30. juni 1948. Under krigen var han kontaktperson i Gulen i lag med lensmannen. Dei organiserte skyss av Milorg- og Lingefolk så dei kom seg vestover til Shetland.

Hallvard Natvik gjorde stor innsats for å byggje gamleheim i Gulen, og både han og kona hans vart æresmedlemer av Gulen Sanitetslag.