Hallvard Tjelmeland
Hallvard Tjelmeland (fødd 11. juli 1952) er ein norsk historikar fødd på Jørpeland i Rogaland.
Hallvard Tjelmeland | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. juli 1952 (72 år) |
Yrke | historikar |
Tjelmeland har sidan 1997 vore professor ved Institutt for arkeologi, historie religionsvitskap og teologi (AHR) på Universitetet i Tromsø. Han var instituttleiar ved AHR i ein periode frå 2005-2009 og fakultetstyremedlem mellom 2013 og 2017 for fakultet for humaniora, samfunnsvitskap og lærarutdanning.[1][2]
Han har tidlegare arbeidd med historiografi, nordnorsk historie og historia til arbeidarrørsla. Nyare arbeid omfattar den kalde krigen, Andre verdskrigen, Nordområda, Barentssamarbeidet og diplomatisk historie.[3]
Hallvard Tjelmeland har skrive innføringsbok om Den kalde krigen (2006), vore medforfatter for Naboar i frykt og forventing (2014) om norsk-russiske tilhøve, og dessutan medredaktør for The Barents region (2015).
Bibliografi (utval)
endre- Tømrer og Snekkernes fagforening avd. 1 gjennom 100 år
- Med posten inn i ei moderne tid. Nordnorsk posthistorie 1996-1850
- Tromsø gjennom 10 000 år : Fra byfolk og bona til Tromsøværing, bind 4 (1996)
- Norsk innvandringshistorie : I globaliseringens tid n1940 - 2000, bind 3 - med Grete Brochmann (2003)
- Flammende budbringer : Nordlys gjennom 100 år - med Pål Christensen (2003)
- Den kalde krigen (2006)
- Naboer i Frykt og forventning (2014)
- The Barents region (red.) (2015)
Referansar
endre- ↑ «Tjelmeland, Hallvard | UiT». Henta 16. april 2016.[daud lenkje]
- ↑ Evensen, Anita. «Medlemmer i FS – HSL-fak | UiT» (på norsk bokmål). Henta 7. april 2019.[daud lenkje]
- ↑ Forfatteromtale i Flammende budbringer : Nordlys gjennom 100 år, ISBN 82-91668-19-1
Bakgrunnsstoff
endre- Publikasjonar av Hallvard Tjelmeland i forskingsdokumentasjonssystemet Cristin