Halti, også kjent som Haltibygget og Haltisenteret, er ein bygning på Storslett i Nordreisa kommune som opna i 2001 og blei utvida med eit nytt byggetrinn i 2015.[1][2]

Halti
Kart
Haltibygget
69°46′02″N 21°00′56″E / 69.76734°N 21.015517°E / 69.76734; 21.015517

Det husar Halti nasjonalparksenter, Halti næringshage og Nordreisa kulturvirksomhet,[3] med Halti kulturscene, Nordreisa kino og Nordreisa bibliotek,[4] hovudadministrasjonen til Nord-Troms Museum og Halti kvenkultursenter.

Nord-Troms Museum har hovudutstillinga si her og andre utstillingslokale som viser ulike vandreutstillingar, i tillegg til kontor og spesialrom.[5]

Halti er eit høgt, framståande fjell mellom Nord-Troms og Finland. Namnet kjem av samisk háldi, som viser til verneånda til menneske, dyr og stader.[6]

Kjelder

endre
  1. Offerdal, Wenche (2. oktober 2001). «Endelig inne på Halti». Framtid i nord (på norsk bokmål). s. 5. 
  2. Solvang, Ola (24. oktober 2015), «Inge har lengtet i 40 år. I dag åpnet drømmehuset hans», Nordlys (på norsk), henta 3. januar 2023 
  3. «Om virksomhetene | Halti», Halti.no (på norsk bokmål), henta 4. januar 2023 
  4. «Om Kulturvirksomheten • Kultur - Nordreisa», Kultur - Nordreisa (på norsk bokmål), henta 4. januar 2023 
  5. Halti (på norsk bokmål), Nord-Troms museum, henta 3. januar 2023 
  6. «Velkommen til Halti i Nordreisa! | Halti», Halti.no (på norsk bokmål), henta 4. januar 2023 

Bakgrunnsstoff

endre