Storslett (nordsamisk Ráissa, kvensk Hansinkenttä) er ein tettstad og administrasjonssenteret i Nordreisa kommune i Troms. Han hadde 1 798 innbyggjarar per 1. januar 2017. Staden ligg ved Reisafjorden ved utløpet av Reisaelva, om lag 5 km søraustom Sørkjosen. Det meste av folkesetnaden bur aust for elva.[1] E6 går gjennom tettstaden.

Storslett
stad
Frå Storslett.
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Nordreisa
Areal 1,63 km²
Folketal 1 798  (2022)
Folketettleik 1 103 / km²
Postnummer 9151 STORSLETT
Preposisjon Storslett
Kart
Storslett
69°46′5″ N 21°1′28″ E
Wikimedia Commons: Storslett, Nordreisa
Nordreisa kyrkje

Nordreisa kyrkje frå 1856 ligg på Storslett,[1] det same gjer Haltibygget frå 2015. På staden finn ein òg Nord-Troms videregående skole, skolestad Nordreisa og Sonjatun helsesenter.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Storslett». Store norske leksikon (på norsk). 28. desember 2022. 
  Denne geografiartikkelen som har med Troms å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.