Halvor Håvardsson Bråten

Halvor Håvardsson Bråten (24. januar 177023. desember 1833) var ein norsk lærar, gardbrukar, lensmann og stortingsmann frå Søndeled i Aust-Agder.

Halvor Håvardsson Bråten
Fødd 24. januar 1770
Død

23. desember 1833 (63 år)

Yrke bonde, politikar

Bråten var son av ein gardbrukar frå Moland i Søndeled. Frå 1783 til 1796 var han skulehaldar med ei årsløn på åtte riksdalar. Han var gardbrukar, fyrst på Akland og så frå 1799 på Bråten i Søndeled. I 1818 vart han lensmann i Søndeled, eit ombod han hadde til han døydde.

Bråten var 1. varamann frå Nedenes og Robygdelagets amt til Stortinget 1824 og 1827. I 1830 møtte han på Stortinget som 2. representant frå same valkrinsen. Han var då medlem av gasje-, pensjons-, skatte- og budsjettkomiteen.

Han døydde på garden sin i Søndeled i 1833.

KjelderEndra