Halvor Nielsen Hoel (4. februar 17665. mars 1852) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Nes i Hedmark. Han er særleg kjend for si rolle under bondeopprøret i 1818.

Halvor Hoel
Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. februar 1766
Ringsaker kommune
Død

5. mars 1852 (86 år)
Ringsaker kommune

Yrke bonde, politikar
Språk norsk

Halvor Hoel var gardbrukar på storgarden Hol i Nes. Han tok over garden 1815 etter mor si som då hadde vore enkje i 31 år. Garden dreiv han til 1835, då den eldste av tre fostersøner tok over etter Halvor Hoel, som heile livet levde ugift.

Hoel vart 8. juli 1807 i Akershus stiftsoverrett frikjend frå ein tiltale om å ha «været medvirkende aarsak til mened, kirkeran og forehavt mord».

I 1815 vart han vald inn på stortinget frå Hedemarkens amt, men valet vart avvist med 57 mot 26 stemmer med tilvising til rettssaka i 1807. Ved valet 1818 vart han 1. varamann (suppleant).

Same året, 1818, var han aktiv i bondeopprøret som inntok hovudstaden. Sjølv sat han heime på Hol då det hende. 14. mars 1818 dømde høgsterett han til festningsarbeid i eitt år, og sakskostnader på 888 spesiedalar. Kong Karl Johan benåda han for festningarbeidet, men han måtte sette garden i pant for å bere sakskostnadene.

Halvor Hoel var ein eldre bror av Jacob Hoel.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre