Dryader

(Omdirigert frå Hamadryade)

Dryader var skognymfer som etter gresk mytologi budde i eiker eller andre tre. Ordet dryade kjem av det greske ordet dryas som viser til drys, 'eik' eller 'tre'.

The Dryad av Evelyn De Morgan

Dryadene vart ved fødselen bundne til eit bestemt tre, og døydde dersom dette treet døydd. Av den grunn straffa dryadene og gudane menneske som skada tre. Dryader som levde i treet sitt vart kalla hamadryader. Dryadene var vakre kvinner, ofte kledde i grønt eller brunt. I håret bar dei blomar, planter, lauv og kvistar, alt etter kva skog dei kom frå.

Dryader vert inndelt i to grupper, dryader og hamadryader. Dryadene vernar om heile skogen og alt som er i den, medan hamadryader er bundne til eitt, ofte svært gamalt og stort tre. Dryada personifiserar då treet si sjel.