Hamam al-Alil
Hamam al-Alil (arabisk حمام العليل) er ein by sør for Mosul i Ninive guvernement i Irak, ved vestbreidda av elva Tigris. Byen har kring 25 000 innbyggjarar.
Hamam al-Alil | |||
by | |||
Land | Irak | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Ninive | ||
Distrikt | Mosul-distriktet | ||
Koordinatar | 36°09′29.2″N 43°15′33.8″E / 36.158111°N 43.259389°E | ||
Areal | 767 km² | ||
Folketal | 25 000 (2016) | ||
Hamam al-Alil 36°09′29″N 43°15′34″E / 36.158055555556°N 43.259444444444°E |
I 2014 fall området til Den islamske staten i lag med nabobyen Mosul. 11. februar 2014 vart 15 irakiske soldatar drepne i eit tidleg åtak på ein militærleir som vakta over ein oljerøyrleidning nær Hamam al-Alil.[1] I juli 2016 øydela F16-fly frå den internasjonale koalisjonen mot IS basar som dei hadde i området.[2] Området vart frigjeve i oktober 2016. IS skal ha avretta 42 sivile i byen.[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hamam al-Alil» frå Wikipedia på engelsk, den 28. februar 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «15 Iraq soldiers killed in pre-dawn attack: officials». The Daily Star. 11. februar 2014.
- ↑ ISIS.liveuamap.com, 15. juli 2016
- ↑ Smith-Spark, Laura; Tawfeeq, Mohammed (28. oktober 2016). «UN: ISIS 'executes' 232 near Mosul». CNN. Henta 28. februar 2021.