Hamar Idrettslag

(Omdirigert frå Hamar IL)

Hamar Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande sentralt i byen Hamar. Idrettslaget vart stifta 1. desember 1887 og har vore aktivt med i bandy, fotball, friidrett, roing, skeiseløp, skyting, stuping, symjing, tennis og turn. Fotballaget spelar i vertikalstripete trøyer beståande av dei norske flaggfargane, med ein blå stolpe i midten, og elles i blå bukser og kvite strømper.

Spydkastaren Egil Danielsen, symjaren Irene Dalby, skeiseløparane Dag Fornæss og Amund Sjøbrend har alle vore medlem i Hamar Idrettslag.

Kjelder endre