Hammarsjön er ein innsjø i Kristianstads kommun i nordaustre Skåne. Hammarsjön er ein grunn slettesjø som Helge å renn gjennom. Han er ein del av Kristianstads vattenrike og har eit rikt fugleliv. Rundt sjøen finst fleire speleplassar der ein kan sjå fuglelivet frå særskilt oppsette fugletårn. Spesielt interessante stader er Ekenabben på austsida og Åsums ängar på vestsida. Òg Helge å nord for Hammarsjön er av stor interesse for fuglekikkarar.

Hammarsjön

Hammarsjön hadde tidlegare ei vik aust for sentrum av Kristianstad, Nosabysjön eller Nosabyviken. Denne vart drenert og tørrlagt av den engelske ingeniøren John Milner mellom 1859 og 1870. Her finst det lågaste punktet i Sverige og her ligg òg sjukehuset i byen. Langs vollen mot Hammarsjön, som vart forsterka etter flaumar i 2002, går jernbanelinja mellom Kristianstad og Åhus.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

55°58′30″N 14°13′00″E / 55.97500°N 14.21667°E / 55.97500; 14.21667