Åhus
Åhus er ein tettstad i Kristianstads kommun i austlege Skåne, ved utløpet til Helge å i Hanöbukten. Staden har 10 487 fastboende (2020) og mottar mange sommargjester.
Åhus | |||
tettstad | |||
Torget i Åhus.
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Åhus | |||
Wikimedia Commons: Åhus | |||
HistorieEndra
Åhus si historie går tilbake til sein jernalder, då ein viktig handelsplass blei etablert litt lenger opp langs elva i forhold til dagens Åhus. Namnet kjem frå det oldnordiske ordet aos, som tyder «elveos». Åhus var då ein del av det danske riket. På 1100-talet blei det oppført ei borg utanfor byen etter kontinentalt førebilete, truleg av erkebiskop Eskil i Lund. Denne borga fekk namnet Aose-hus. Blømingstida opplevde byen frå 1200- til 1400-talet, då han høyrte under Lunds erkebispesete. Mellom anna blei det då oppført ein bymur; i dag er restane etter denne muren dei best bevarte restane av ein ringmur frå mellomalderen i Sverige. Dei eldste, kjende byrettane er frå 1326, men i følgje byen sin eigen tradisjon reknar ein med at byen blei grunnlagt i 1149, då erkebiskop Eskil fekk han i forlening.
Byen mista mykje av tydinga si i og med reformasjonen på 1500-talet, eit hundreår då òg svenske plyndringstog råka området hardt og mellom anna la borga i ruinar. Nedgangstida enda med at Åhus mista byrettane sine i 1617, då Christian IV grunnla festningsbyen Christianstad. I 1658 tilfalt Åhus saman med resten av Skåne Sverige ved freden i Roskilde.
På 1720-talet byrja ein å dyrke tobakk ved Åhus. Dyrkinga stoppa på midten av 1960-talet. I moderne tid er Åhus blitt kjent for ålefiske og for produksjonen av Absolut vodka.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Åhus» frå Wikipedia på bokmål, den 29. juni 2012.