Hamrinsjøen
Hamrinsjøen, eller Diyala-demningen, er ein menneskeskapt innsjø kring 50 km nordaust for Baquba i Diyala guvernement i Irak. Byen Hamrin ligg ved vestbreidda av innsjøen, og begge ligg lengst sør i Hamrinfjella.
Hamrinsjøen | |||
vassreservoar | |||
Land | Irak | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Diyala guvernement | ||
Koordinatar | 34°11′28″N 44°59′42″E / 34.19111°N 44.99500°E | ||
Areal | 340 km² | ||
Grunnlagd | 1981 | ||
Hamrinsjøen 34°11′28″N 44°59′42″E / 34.191111111111°N 44.995°E | |||
Kart som viser Hamrinsjøen.
|
Innsjøen vart fylt i 1981 og held over to milliardar kubikkmeter vatn. Her finst fisk og han gjev vatn til daddelpalmelundar og anna jordbruk i nærleiken.
I juni 2008 vart det rapportert at sidan Iran hadde demd opp elva Alwand, hadde innsjøen mista nesten 80 % av kapasiteten.[1]
Arkeologiske utgravingar
endreSeint i 1970-åra, før innsjøen vart fylt, vart det gjort fleire arkeologiske utgravingar i området. Utgravingane vart leia av British Archaeological Expedition etter førespurnad av Den irakiske statsorganisasjonen for antikvitetar og arv. Av stader som vart utgrave finn ein Tell Madhur, Tell Rubeidheh og Tell Haizalun frå Ubaid-perioden.[2]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lake Hamrin» frå Wikipedia på engelsk, den 18. april 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ http://www.irinnews.org/report.aspx?ReportID=78802
- ↑ Roaf, M. 1982. The Hamrin Sites. I: J. Curtis (red.) Fifty Years of Mesopotamian Discovery. London: The British School of Archaeology in Iraq. s. 40-47