Opna hovudmenyen
Nymfe av blågrøn augenstikkar (Aeshna cyanea) som går gjennom hamskifte.

Hamskifte vil seia at eit dyr skil seg frå ein gammal ham, ytterlaget på overhuda, og tek i bruk ein ny. Dyr kan kvitta seg med den gamle hamen i flak eller ved å kasta heile hamen. Insektnymfer og slangar skifter ofte heile hamen på ein gong.

Panterkameleon (Furcifer pardalis) skifter ham i flak.

Hamskifte kan også brukast i overført tyding, om samfunn som går gjennom større endringar. Det store hamskiftet i norsk historie er døme på ein slik bruk.

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Hamskifte