Handball-NM 1980 for kvinner
Noregsmeisterskap i handball
Noregsmeisterskapen i handball 1980 for kvinner vart vunne av Skogn Idrettslag etter finalesiger 15-12 over Byåsen Idrettslag.
Semifinalane
endre- Lisleby IL – Skogn IL 13 – 15
- Byåsen IL – Skjeberg IL 13 – 12 etter ekstraomgangar
Finalen
endreFinalen vart avvikla i Levangerhallen 21. desember 1980 framfor ca 1 400 tilskodarar. Skogn leia 9-7 ved pause, i den andre omgangen auka laget frå Levanger til sluttsiffera 15-12.
Marit Breivik Løkeberg vart toppskårar for Skogn med sine 6 nettsusarar, to av dei på straffekast. Britt Marit Leine skåra 3 mål og Annepetra Jensen, Randi Eriksen, Gerd Bjørnaas, alle saman 2 mål.
Byåsen sine målskårarar var Ann Elin Angvik (4), Anne-Karin Snorroeggen (3), Lise Ulseth, Grete Refsnes, begge (2) og Trine Haltvik (1).
Svein Ekra (Kolbotn) og Tore Schjerven (Jaren) dømde kampen.