Levanger
Levanger er ein by og administrasjonssenteret i Levanger kommune i Trøndelag fylke. Byen har 10 384 innbyggjarar per 1. januar 2017.
Levanger | |||
stad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Kommune | Levanger | ||
Areal | 5,14 km² | ||
Folketal | 10 384 (2022) | ||
Folketettleik | 2 020 / km² | ||
Innbyggjarnamn | levangsbygg | ||
Preposisjon | i Levanger | ||
![]() Levanger | |||
Wikimedia Commons: Levanger (town) | |||
Levanger har vore ein viktig handelsstad sidan mellomalderen og har hatt ein årleg marknadstradisjon, Marsimartnan, i flere hundre år. Levanger fekk kjøpstadsprivilegium allereie i 1836 og hadde bystatus frå da av og fram til kommunesamanslåinga i 1962. Tettstaden har på ny status som by frå 1997.
Eit særtrekk med bysenteret er dei mange gamle og vakre trehusa. For dette vart byen i 2013 tildelt prisen Olavsrosa av Norsk Kulturarv.
Kjende personar frå Levanger endre
- Henry Rinnan, dømt i det norske landssvikoppgjeret, avretta i 1947
- Per Sandberg, fiskeriminister (2015-2019)
- Ågot Valle, stortingsrepresentant (SV) i tida 1997-2009
Sjå òg endre
Kjelder endre
- «Levanger – tettstedet». Store norske leksikon. 29.12.2017. Henta 2. januar 2017.