Handball-NM 1981 for kvinner

Noregsmeisterskap i handball

Noregsmeisterskapen i handball 1981 for kvinner vart vunne av Glassverket Idrettsforening etter finalesiger 16-12 over storfavoritten Skogn Idrettslag.

Finalen endre

Finalen vart avvikla i Drammenshallen 20. desember 1981 framfor 2 500 tilskodarar. Skogn leia 10-8 ved pause, i den andre omgangen auka laget frå Drammen til sluttsiffera 16-12.

Gunn Moen vart toppskårar for Glassverket med 4 nettkjenningar (1 på straffe), Sussy Faye og Anne Lene Lier stod for kvar sine 3 mål, medan Bente Hasland og Kirsti Espeseth begge skåra 2 mål, Torill Iversen og Gro Christoffersen fann nettmauskane kvar sin gong. Målvakta Turid Smedsgård var kampens beste aktør.

Skogn sine målskårarar var Eli Brenne (4), Randi Eriksen (3), Annepetra Jensen 2, Marit Breivik Løkeberg, Brit Marit Leine, Gerd Bjørnaas, alle 1.

Atle Nordbo (Nydalen) og Per Otto Røng (Grei) dømde kampen.

Kjelder endre