Handball-NM 1998/99 for menn
Noregsmeisterskapen i handball 1998/99 for menn vart vunne av Sandefjord Turn- & Idrettsforening etter finalesiger 26 – 18 over Drammen Håndballklubb.
Finalen vart avvikla i Oslo Spektrum laurdag 13. februar 1999 framfor 3 500 tilskodarar. Ved pause leia Sandefjord 12 mot 10. Utover i den andre omgangen var det klasseskilnad på laga, så Sandefjord enda opp med ein åttemålssiger.
Øystein Havang vart toppskårar for Sandefjord med 8 nettkjenningar. Geir Oustorp, Pål Cramer, Johnny Jensen og Preben Vildalen skåra alle saman kvar sine 3 mål, medan Eivind Wingsternæs teikna seg for 2 skåringar. Også Eivind Ellingsen, Erik Hucko, Thomas Pettersen og Atle Larsen kom på skåringslista. Gunnar Fosseng og Marinko Kurtovic var målvakter.
Drammen sine mål kom frå Knut-Helge Jacobsen (8), Thomas Johansen (3), Geir Jomaas (3). Lasse Steinseth (2), Otto Petter Paulsen (2).
Dommarane Kenneth Abrahamsen og Arne M. Kristiansen straffa Drammen med fire 2-minuttsutvisingar og Sandefjord med ei.