Handball-NM 2002/03 for menn

Noregsmeisterskap i handball

Noregsmeisterskapen i handball 2002/03 for menn vart vunne av Sandefjord Turn- & Idrettsforening etter finalesiger 29 – 26 over byrivalen IL Runar.

Finalen vart avvikla i Oslo Spektrum laurdag 29. mars 2003 framfor 4 441 tilskodarar. Ved pause leia Sandefjord med 16 mot 15. Også andreomgangen vart jamn, men favoritten syrgde for at dei to lagas fjerde innbyrdes finalemøte enda med kongepokal til STIF.

For Sandefjord spelte målvakta Mats Fransson, 6-målsskårarane Erik Hucko, Thomas Pettersen og Eivind Ellingsen, Geir Jomaas (4), Kim G. Jacobsen (3), Pål Cramer (3) og Bjarte Myrhol (1).

Ole Magnus Ekelund fann 7 gongar vegen til nettmauskane for Runar. Andre Jørgensen skåra 6 mål og Lasse Lie 5. Hine måla kom frå Jon Egil Ek og Kristian Hansen, begge (3), Stein Olaf Sando og Frank Løke eitt kvar.

Dommarane Svein Olav Øie og Øyvind Togstad straffa Runar med fire 2-minuttsutvisingar, Sandefjord med ein einaste.

Kjelder

endre