Handball-NM 2005/Menn
Noregsmeisterskapen i handball 2005 for menn vart vunne av Sandefjord Turn- & Idrettsforening etter finalesiger 30 – 20 over Haslum Håndballklubb frå Bærum kommune.
Finalen vart avvikla i Oslo Spektrum 30. desember 2005 framfor 5 336 tilskodarar. Sandefjord leia 15–9 ved pause.
På Sandefjord sitt vinnarlag deltok målvaktene Sindre Walstad og Stig Søberg Johansen, og målskårarane Geir Jomaas (8), Kristoffer Moen (7), Eivind Ellingsen (4), Andreas Kjølner Hansen (3), Preben Vildalen (3), Even Sandnes (2), Knut Martin Johnsen (1), Bård Egil Tobiassen (1), Jan Kirkegaard (1).
Gunnar Fosseng stod i mål for Haslum, måla til Bærums-laget kom frå Morgan Lunde (5), Erlend Mamelund (5), Lasse Lie (3), Håvard Mamelund (3), Steven Larsson (2), Marius Riise (1) og Ken Marius Krabbe (1).
Terje Eriksen frå IK Start og Kenneth Hansen frå Gimletroll dømde kampen. Dei tildelte vinnarlaget seks 2-minuttsutvisingar og Haslum to.