Handball-NM 2006/Menn

Noregsmeisterskap i handball

Noregsmeisterskapen i handball 2006 for menn vart vunne av Sandefjord Turn- & Idrettsforening etter finalesiger 27 – 26 over Haugaland Håndballklubb frå Tysvær kommune.

Finalen vart avvikla i Oslo Spektrum laurdag 30. desember 2006 framfor 4 896 tilskodarar. Etter ei jamn opning tok Sandefjord leiinga fyrste gongen til stillinga 6-5. Dei siste 10-11 minutta av fyrste omgang drog STIF ifrå, så ved pause stod det 16-12 til STIF. I den andre omgangen auka laget til ei nimålsleiing, før Haugaland jamt og trutt tok innpå. Ni sekund før sluttsignalet reduserte storskåraren i kampen til 26-27. Sandefjord klarte så å ro inn sigeren.

Sandefjord sitt vinnarlag stod Svenn Erik Medhus og Stig Søberg Johansen i mål, medan målskårarane var Andreas Kjølner Hansen (6), Preben Vildalen (5), Geir Jomaas (4), Kristoffer Moen (4), Eivind Ellingsen (4), Håvard Augensen (3) og Even Sandnes (1).

Geir Harald Sjurseth skåra heile 13 mål for Haugaland HK. Dei andre måla kom frå Aleksandar Medjedovic (4), Gustav Samuelsson (3), Milorad Despotovic (2), medan Ronnie Smedsvik, Johan Andersson, Arnt Inge Vorre og Frode Nygård skåra ein gong kvar.

Dommarane straffa vinnarlaget med fire 2-minuttsutvisingar og Haugaland med fem.

Kjelder

endre