Handball-NM 2011/Menn
Noregsmeisterskapen i handball 2011 for menn vart vunnen av Haslum Håndballklubb etter finalesiger 38 – 28 over Drammen Håndballklubb.
Finalen
endreFinalen vart avvikla i Oslo Spektrum dag 30. desember framfor 3 210 tilskodarar. Etter 25 jamne minutt og stillinga 14-14, rykte Haslum ifrå og leia 18-14 ved pause. Berre seks minutt inn i den andre omgangen hadde Bærums-laget auka leiinga til åtte mål. Resten av kampen styrte Haslum inn til timåls-triumf.
Einar Koren og Kent Robin Tønnesen skåra begge 10 mål for Haslum. Erlend Mamelund skåra 5, Anders Røe 4, Nicolay Hauge 3 gongar. Thomas Kristensen og Sebastian Barthold stod begge for 2 skåringar, Martin Gravdal Haldorsen og Ken Marius Krabbe for kvar si.
For Drammen skåra Henrik Jakobsen (7), Steven Larsson (5), Henrik Westgaard (5), Lars Erik Bjørnsen (4), Gøran Sørheim (3), Jan-Richard Hansen (2) og Jarle Mørk Pettersen (2).
Dommarane straffa begge laga med to 2-minuttsutvisingar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Handball-NM 2011/Menn» frå Wikipedia på bokmål, den 20. april 2021.