Handball-NM 2022/23 for menn
Noregsmeisterskapen i handball 2022/23 for menn vart vunnen av Kolstad Idrettslag etter finalesiger 34–27 over tittelforsvarar Elverum Idrettslag. Kongepokalen var den aller fyrste til handballaget frå Trondheim.
Kvartfinalane
endre- Fjellhammer – Kristiansand 23–25
- Kolstad IL – Drammen HK 31–21
- Nærbø IL – Elverum IL 30–38
- IL Runar – ØIF Arendal 24–25
Semifinalane
endre- Kolstad – Kristiansand 34–25
- Elverum – ØIF Arendal 29–27
Finalen
endreFinalen vart avvikla på Sør Amfi i Arendal sundag 26. februar 2023 framfor 2 000 tilskodarar. Kolstad tok tidleg leiinga 6–2, før Elverum kom tilbake og reduserte til 12–13. Ved pause leia Kolstad 16–13. I den andre omgangen rykte laget frå Trondheim ifrå, midtvegs i omgangen stod det 27–20 på måltavla. Sidan kom Elverum aldri nærare enn fem mål under og kampen enda med 34 mot 27 mål.
Kolstad-måla kom frå Sigvaldi Guðjónsson (8), Simen Lyse (7), Janus Smárason (7), Adrian Aalberg (6), Gabriel Setterblom (4) og Magnus Gullerud (2). Torbjørn Bergerud og Lars Eggen Rismark var målvakter.
Tobias Grøndahl skåra 10 mål for Elverum og vart toppskårar i kampen. Elles netta Sindre Heldal (3), Orri Thorkelsson (3), Endre Langaas (2), Benjamin Berg (2), Daniel Blomgren (2), Kasper Lien (2), Johan Fingren (1), Christopher Hedberg (1), Kassem Awad (1). Målvakt Emil Imsgard.
Dommarparet Lars Jørum og Håvard Kleven straffa begge laga med 2 to-minuttsutvisingar.