Kolstad Idrettslag

Kolstad Idrettslag er eit idrettslag heiemhøyrande i bydelane Kolstad, Saupstad, Huseby i Trondheim kommune. Laget vart skipa 5. oktober 1972 og er aktivt med i fotball og handball. I 2023 gjekk mennene sitt handballag til tops i så vel toppserien som i noregsmeisterskapen. Kolstad IL spelar i heilraude drakter.

Handball endre

Kolstad IL sitt handballag for menn har sidan 2015 spelt i eliteserien. I 2022 skreiv laget kontrakt med, mellolm andre, dei norske landslagsspelarane Torbjørn Bergerud og Magnus Gullerud. Saman med andre nysigneringar bidrog dei til at laget våren 2023 gjekk til topps i både NM-cupen og i seriespelet. Sander Sagosen, som var Kostad-spelar i 2012/13-sesongen, skal frå sommaren 2023 på ny kle på seg Kolstad-drakta. Også Mari Molid var medlem i Kolstad IL i yngre år.

Fotball endre

Fotballaget til Kolstad gjesta nivå 2 i norsk fotball for menn ein sesong på 1990-talet, i 2019-sesongen deltok laget på nivå 4.

Kjelder endre